Frå mørke til lys

Hausten var tung og eg kjende meg trist. Ingenting å glede seg over eller glede seg til. Ikkje eingong jul gledde eg meg til, sjølv om eg hadde mann og to barn å være i lag med. Ikkje berre ein haust hadde eg det slik, men kvar haust over fleire år. Men då vinteren sleppte taket, var det som om eg vakna til liv att og eg såg lysare på livet. Svært få visste om mine depressive periodar og utad var eg ein velfungerande, perfeksjonistisk tobarnsmor med full kontroll på hus, heim og arbeid. Men det var då ting forverra seg i 1998, at legen rådde meg til sjukmelding. Han meinte at angsten og depresjonen min var eit teikn på at eg hadde møtt ”veggen”. Eg vart sjukare og sjukare og måtte tilslut leggast inn på psykiatrisk avdeling. I tre omgonger låg eg der, utan å oppleve betring. Ikkje eingong eit tre mndr. langt opphald på Modum, gjorde meg særleg friskare. Eg var redd for alt. Redd for å vere åleine, for å køyre bil, for å gå ut...

Påkjenningane for familien min vart store, og det enda med skilsmisse. Oppi det heile fekk eg brystkreft, men det opplevde eg som ein bagatell samanlikna med den psykiske smerta eg bar på. Eigentleg var eg ganske likegyldig til om eg overlevde kreften eller ikkje. Eg gjekk i ”dekning” ved å flytte inn i huset til mine gamle foreldre, nesten heilt isolert frå verda utanfor. Her budde eg i tre år. Eg levde ikkje, berre eksisterte. Eg vart svært tynn, og folk har i ettertid sagt til meg at eg såg ut som ei skugge av meg sjølv. Eg låg mykje i senga. Tenkte mørke tankar om å ta mitt eige liv. Eg hadde tablettar nok, men gudstrua mi hindra meg. På denne tida var det venninner som prøvde å få meg med på ting, men eg makta ikkje tanken på det! Slik gjekk åra. Få trudde at eg ville bli frisk igjen. Sjølv greide eg ikkje å lese og be stort. Men eg visste at andre bad for meg. Og ved eit par høve fekk eg handspålegging og forbøn hos ein predikant. Han som bad for meg sa noko som eg no forstår må ha vore ein profeti. Han sa: ”Du skal kome styrka ut av dette. Det er eg sikker på!”

I 2004 døydde mora mi og kort tid etter det fekk faren min kreft. Han måtte reise til Trondheim for å bli operert. Tanken på å vere heime åleine, særleg om natta, var heilt utenkjeleg for meg. Difor fekk eg tilbod om å overnatte hos slekta. Men då dagen kom, vaks det ei sterk vilje i meg til å prøve å vere åleine. Den fyrste natta var full av angst og eg sov ikkje. Den neste natta sov eg. Og dagen etter fekk eg lyst til å bake. Det hadde eg ikkje gjort på alle desse åra eg var sjuk; eg som alltid elska å bake før! Då faren min ringde til meg før operasjonen, og var bekymra for meg, kunne eg fortelje han at frysaren no snart var full av eienproduserte bakevarer. Han vart overveldande glad. Det utrulege er at i løpet av 4-5 dagar vart eg HEILT frisk!!

Eg som alltid slepte meg tungsindig inn til fastlegen min, kunne få dagar seinare kome inn på legekontoret med et stort smil og lette steg. Legen vart svært overraska over det han såg og spurde om kva som hadde skjedd. ”Jo, det kan eg godt fortelje deg”, sa eg, ”eg trur det er forbøn som har gjort meg frisk!” ”Ja det får vi tru,” sa legen…………

Det finst ingen logisk eller medisinsk forklaring på det som har skjedd med meg. Medisinar kan sikkert hjelpe ein del, men pillene hjelpte ikke meg! Det er no eit år sidan eg vart medisinfri, og  eg har ikkje hatt eitt tilbakefall! Eg er kvitt alt som heiter depresjon, angst og frykt! I dag jobbar eg som lærarvikar og eg er full av livsglede! Mange meiner at eg er meir avslappa og utadvendt no enn eg var før eg vart sjuk. Og eg er heldigvis ikkje perfeksjonist lenger.  Eg har eit  godt forhald til min tidlegare mann og eg har flytta tilbake til huset mitt. Kvar dag minnar eg meg sjølv om kor viktig det er å takke Gud for det Han har gjort for meg.Det er lett for mange å be, men  gløyme å takke.  Det nyttar å be om helbreding. Sjølv om det kan ta år før vi ser resultat av bøna, er Gud i stand til å helbrede. Det er eg eit levande bevis på! Dei få gongane eg orka å opne Bibelen i sjukdomstida, var det særleg eitt vers som ”leita seg opp”: ”Ver ikkje redd, for Eg er med deg! Sjå deg ikkje rådvill ikring for Eg er din Gud. Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg oppe med mi frelsarhand”(Jes.41.10).
Litt skummelt var det då eg nyleg vart utfordra til å vitne om livet mitt på eit møte i Søre Sunnmøre Aglow. -Men eg overlevde det også!

Lindis Kvalsund Myklebust

Aglow Søre-Sunnmøre